Studentredaksjonen
  • Hjem
  • Artikler
  • Gjesteartikler
  • Studentarbeid
  • Om Studentredaksjonen
  • Linjeforeningene
    • Linjeforeningen for Internasjonale studier med historie

Framandhat eller ein svak refleksjon av fortida?

4/2/2016

0 Comments

 
Skrevet av: Elise Lysgaard Almås​
Bilde
​Foto: Elise Lysgaard Almås
 1940. Ein liten gut med mørke lokkar utan sko står i dødens kø, på veg inn mot gasskammeret. Svolten har herja og sitte eit markant preg på den utmagra og slitne kroppen. Augo er blanke og livlause. Mens han tek sitt siste andedrag kan han høyre ”judenschwein” frå ei stemme i det fjerne.
 
2016. Ein liten gut med mørke lokkar utan sko sitt om bord i dødens skip, på veg mot den trygge hamn. Svolten har herja og sitte eit markant preg på den utmagra og slitne kroppen. Augo er blanke og livlause. I det bølgjene tek tak og lungane vert fylt med vatn kan han høyre nokon rope ”lykkejegar” frå den fjerne horisonten.
 
Har Europas innbyggjarar gløymd si eiga fortid?

Flyktningstraum
I følgje International Organization for Migration, har over 1 103 496 menneske ankome Europa i tidsrommet januar 2015 til skrivande stund. Av desse har 31 145 vorte registrerte som asylsøkarar i Noreg. 5 297 av det totale talet har vore mindreårige.
Majoriteten av flyktningane har komme frå Midt-Austen, og den primære hovudtyngda har vore frå Syria med over 10 536 asylsøkarar. Dei geografiske tilnærmingane har ført til ei ekstremt strabasiøs ferd, kvar ei enorm mengde menneskeliv går tapt kvar einaste dag. Likevel er det ikkje alle nordmenn som tek i mot vore nye landsmenn på ein human og rettferdig måte.
 
Framandhat
Flyktningstraumen har møtt sterk motstand hos enkelte i Noreg samt Europa. I dei seinare åra har fleire rasistiske grupper mot innvandring vorte stifta. Desse grupperingane har vakse fram til å få fleire tusentals tilhengjarar. Ekstreme organisasjonar som Pegida, Soldiers of Odin samt Norwegian Defence Leauge er berre nokre eksempel på denne type ideologiske grupperingar. Tidlegare i januar gjekk talsmannen for Soldiers of Odin ut i media og hevda at dei har "etablert seg i kvar krik og krok i landet". Gjennom kontinuerlige marsjar skal dei patruljere i Noregs gater. Sjølvjustisgruppas ideologi er sterk innvandrarkritisk, og meinar muslimsk innvandring er årsaka til den påståtte aukinga innanfor kriminaliteten i Europa. Lokalavisa Lister har fått innsyn i lovverket til gruppa, der ein av reglane her vert sitert; ”Vi skal ikke provosere, og vi bør heller ikke bli provosert. Hvis det blir et slagsmål eller konfrontasjon, så skal vi vise hvem som bestemmer. De skal ikke få vinne denne kampen!”. Dette gjenspeglar òg den klare oss-dei mentaliteten. Soldiers of Odin Norway har per dags dato over 2 260 medlem på Facebook. Skremmande nok er det ikkje berre denne organisasjonen som har fått stor oppslutning. Norwegian Defence League har 3 230 følgjarar på Facebook, medan Pegida har godt over 5 000.
 
Likevel er det ikkje berre desse gruppene som skil seg ut. Aldri før har fleire enkeltpersonar fronta hatefulle og framandfientlege meiningar. Kommentarfelt på sosiale mediar renn over av skepsis og kritikk mot Noregs nye landsmenn. Samtidig er det eit faktum at fleire asylmottak har vorte råka av brannstiftingar det siste året. Etter den påtente brannen mot Lindås asylmottak tidlegare i desember 2015, vart gjerningsmannen applaudert som helt på ei rekkje internettsider samt i VGs kommentarfelt. I nabolandet vårt, Sverige har det vore over 14 brannstiftingar i løpet av 2015.  Det er vanskeleg å ikkje få assosiasjonar til Nazi-Tyskland, då med spesielt tanke på Krystallnatta 9.november 1938. 1400 synagogar brann ned denne natta. Nazistane vart hylla som heltar for å ha ”beskytta” tyskarane mot den jødiske befolkninga. Likskapane til desse hyllestane kan ein òg konkret finne i dagens kommentarfelt hjå dei største nettavisene.
 
Historisk gjenspegling
Det er naivt ikkje å sjå assosiasjonen mellom dagens framandhat og den nazistiske ideologien som utspelte seg med hovudtyng i perioden 1920-1945. Fellesnemnarane er for store til å ignorerast. Framandhatet per dags dato byggjer på mykje av dei same elementa som antisemittismen innehaldt. For å sitera Nationalsosialistische deutshe arbeiderpartis 25 punkter: jf. punkt 4: Only those who are our fellow countrymen can become citizens. Only those who have German blood, regardless of creed, can be our countrymen. Hence no Jew can be a countryman.

Jf. punkt 8: Any further immigration of non-Germans must be prevented. We demand that all non-Germans who have entered Germany since August 2, 1914, shall be compelled to leave the Reich immediately.
Ein kan tydeleg sjå ein likskap jf. 4) og 8) og det framandhatet mange av dei innvandrarkritiske gruppene står for. Religionsaspektet er òg ein sentral faktor. Nazistane hata jødedommen og gav dei skulda for Jesu død. I dagens Europa er dei nye grupperingane særs islamfientlege og meinar denne religionen er grobotn for den påståtte auka innanfor kriminalitet. I likskap med grupper som Soldiers of Norway, marsjerte òg Nazi-soldatar i gatene for å patruljere. Spesielt er det òg parallellar til vi-dei mentaliteten som utspelte seg under denne perioden.

Makt og gruppetilhøyrsle
Gruppepolarisering er eit uunngåeleg emne når det kjem til etableringa av framandhat i Noreg. Primært kan ein dele dette opp i tre ulike kategoriar. Førstnemnte er den sosiale samanlikninga, som går ut på at individet ønskjer aksept i gruppesamanheng, og difor endrar haldning i favør fleirtalet. Dette kan ein klart sjå til dømes i kommentarfeltet på Facebook. Tilnærma alminnelege personar utan noko fast politisk standpunkt vert eksponert for hatefulle statusar som fremmar framandhat og diskriminerande verdiar. Vidare trykkjer personen ”like” for å vere ein del av den sosiale fellesskapen. Bodskapet når på denne måten òg ut til fleire. Den andre vesentlege faktoren innanfor denne type gruppepolarisering sett i perspektiv med innvandringshat er informasjonsinnflytelse. Gruppene delar mørkestatistikk og fremmar eit generaliserande bodskap på denne måten. Den siste faktoren er identifikasjon, som går på at medlem identifisera seg med andre medlem i gruppa og difor føler ei sterk tilhørsle. Eit skremmande fenomen sett i paradoks med denne saka er sosiale medier. Aldri før har ein kunna spreidd ideologiar og propaganda på ein så rask og effektiv måte. Eksponeringa er betydeleg stor, og gjennom sosiale medier som Twitter, Facebook og sosiale forum får ein delt og kommunisert med ei enorm mengd mennesker. Det er henholdsvis på desse arenaane rekruttering av nye medlem skjer. Forholdsvis ekstreme miljø vert gjerne då enda meir ekstreme gjennom diskusjonar som eskalera på desse sosiale mediene. Dette har ein konkret sett gjennom usaklege kommentarfelt hjå nettaviser, Facebook og nettforum.
 
Når leiarar sviktar
USA har alltid vore ei leiande stormakt i verda, med eit dominant grep på det internasjonale samfunnet. Med eit moderne og multikulturelt samfunn har landet fremma demokratiske ideal og verdiar. Men eit nytt presidentval står for tur, og forretningsmannen Donald Trump har stilt som kandidat for republikanarane. Den tidlegare ”Hjemme Alene” skodespelaren har komme med absurde og særs diskriminerande utalingar som har ført til mykje merksemd internasjonalt. Blant anna har Trump lansert store planar når det kjem til USAs innvandringspolitikk. Han vil nekte verdas 1,7 milliardar muslimar inngang til Amerika. Som om ikkje dette er bisart nok, presisera Trump òg at alle busette muslimar i USA lyt registrerast og utstyrast med identifikasjonspapir. Dette er ikkje noko ny tankegang sett i historisk perspektiv. Hitler innførte ei gul davidsstjerne som påbode identifikasjonsgjenkjenning for jødane i Nazi-Tyskland under andre verdskrig. I likskap til Trump frykta Hitler innvandring, og fordømte ei religiøs gruppe menneske. Her kan ein vise til punkt 4 og 8 i NSDAPs ideologi. For å sette det heile i eit subjektivt perspektiv: Hitlers veg til makta var mykje takka vera karismatiske samt engasjerte talar. Det kan sjå ut som Trump spelar på dei same strengane.
 
Når mektige leiarar står for meiningar som desse, vert dette ein grobotn for ekstrem polarisering innad i dei allereie fiendtlege grupperingane. Europa har ei lang rekkje tradisjonar med å adoptere Amerikanske verdiar og politiske aspekt. I ei stadig meir globalisert verd kan ikkje menn som Trump få politisk makt. Rasistiske, hatefulle og diskriminerande verdiar har ingenting med internasjonal politikk å gjere.
 
Men det er ikkje berre i USA mektige personar kjem med særs uheldige utalingar. Vår eiga kjære innvandrings-og integreringsminister Sylvi Listhaug har tidlegare presisert at flyktningar ikkje kan bli båret på gullstol inn i Noreg. Samtidig straumar det over med bileter av livlause, drukna kroppar og desperate menneske på flukt frå krig, svolt og elendigheit. Båret på gullstol eller ein desperat og siste moglegheit for eit humant liv?
Listhaugs utaling står i djup kontrast til det faktiske nyheitsbilete, og nærmast matar dei allereie sterkt innvandrarkritiske gruppene.
 
Men kva med nestekjærleiken?
Tilbake til guten i gasskammeret og guten om bord i båten. Det skil 76 år mellom dei. Likevel er situasjonen reell og desperat. Europas innbyggjarar lyt vakna, den tidlegare historia kan ikkje gjenta seg sjølv. Det må skje ein endring i samfunnsmentaliteten. Rasistiske grupperingar og framandhatlege personar må innsjå verkelegheita: vi står ovanfor ei djup humanitær krise, og bør fungera som medmenneske. Som Arnulf Øverland skreiv:


Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer dig selv!
Jeg roper med siste pust av min stemme:
Du har ikke lov til å gå der og glemme
0 Comments



Leave a Reply.

    Artikler: Her publiseres Studentredaksjonens egne artikler.

    Arkiv:

    October 2020
    February 2020
    October 2018
    September 2018
    April 2018
    March 2018
    February 2018
    January 2018
    December 2017
    November 2017
    October 2017
    September 2017
    April 2017
    February 2017
    January 2017
    November 2016
    October 2016
    September 2016
    May 2016
    April 2016
    March 2016
    February 2016
    January 2016
    December 2015
    November 2015
    October 2015

Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • Hjem
  • Artikler
  • Gjesteartikler
  • Studentarbeid
  • Om Studentredaksjonen
  • Linjeforeningene
    • Linjeforeningen for Internasjonale studier med historie