Studentredaksjonen
  • Hjem
  • Artikler
  • Gjesteartikler
  • Studentarbeid
  • Om Studentredaksjonen
  • Linjeforeningene
    • Linjeforeningen for Internasjonale studier med historie

Livet som samlebåndsobjekt

21/4/2016

0 Comments

 
Skrevet av: Elise Lysgaard Almås
Bilde
Foto: Reuters
Etter at IS gjekk ut med sitt manifest ”Women of the Islamic State” har medias søkelys vore mykje retta mot IS og det bisarre kvinnesynet terrorgruppa har. Korleis er livet for jihad-konene og kvinnene innad i dei IS-okkuperte områda?
​
Manifest
I februar 2015 lanserte terrorgruppa IS, òg kalla Daesh, eit manifest ”Women of the islamic State” retta mot kvinner. Det består av 41 sider og tek for seg kvinners rolle innad i den islamske stat, samt reglement når det kjem til oppførsel og klede. Dette manifestet har skapt enorm merksemd internasjonalt. Den britiske anti-ekstremistiske organisasjonen Quilliam har oversett dokumentet, og dermed vendt mange vestlege augo mot IS. Ekstremistane stadfester konkret at kvinner ikkje har nokre rettar, og er underkua mannen sin.

For det første poengtera manifestet at kvinner skal vere Allahs gåve til mannen. IS lokkar med kvinner for dei mannlege krigarane, og dei vert lova koner samt sex-slavar. At IS brukar denne type propaganda for mannleg rekruttering er farleg, og fører berre til at medlemsmassen veks seg større og større.
 
Manifestet har eit stort fokus på utdannelse. All utdanning for jenter etter fylte 15 år er forbode. Medan ho er mellom 7-9 år er ho pålagt å studera religion, matte og naturfag i dei eigne IS-skulane som finst rundt om i landet. Når jenta vert mellom 10-12 år får ho berre lære om handarbeid, religion og matlaging. Eit år seinare stoggar normal undervisning og alt dreiar seg kring Shariastudier samt oppdraging av born. Det forventast så at kvinna skal gifta seg med ein IS-krigar og føda hans etterkommarar. Manifestet tilseier nemleg at jenter kan giftast vekk frå 9 årsalderen, og helst før dei når 16 år. Vidare understrekar IS kvinnas rolle innad i kalifatet: kvinna skal helst ikkje bevega seg utanfor husets fire veggar, og ho skal adlyde ektemannens ordre. Dette inneberer blant anna at mannen kan krevje at kvinna skal utføra sjølvmordsbombing, sidan ho er pliktig til å ofra kroppen sin samt sjelen til Allah. Kort oppsummert er ei jihadi-kone forplikta til å leva eit liv som samlebandsobjekt. Hennar einaste rolle er å forsyne krigarane med sex, føda hans born og ta seg av husarbeidet.
 
Dette står i sterk kontrast til dei romantiske førestillingane mange vestlege kvinner som rekruttera seg til IS draumar om. Kvinnene som reiser til IS-okkuperte områder er ofte nærmast gjennomsyra av propaganda, og ønsker eit liv som jihad-krigar. I reglementet til IS slår dei fast at ei kvinne berre kan drive jihad og krige dersom situasjonen er heilt desperat og det ikkje finst nokon andre utvegar. Mange får difor sjokk når dei kjem fram og vert plasserte på store kvinnehus kalla maqqas i staden for å kjempe på stridsmarka. Her blir dei verande til IS-krigarar tek dei til koner, eller sex-slavar.
 
Propaganda
Propaganda er eit essensielt verktøy for IS. Spesielt syner dette seg på sosiale medier som Twitter, Facebook og instagram. Kvinners rolle i denne type propaganda er særs viktig for den kontinuerlege rekrutteringa IS driv med. Bileter av kvinner poserande med Oreo-kaker i den eine handa samt ein AK-47 Kalasjnikov i den andre, sender dobbeltbodskap til omverda og skal gjenspegla ein bisarr harmoni som IS gjerne spelar på. Spesielt dei vestlege IS-kvinnene vert på mange måtar lurt gjennom dette. Draumen om eit liv som jihadist, der kvinna kjempar ved sida av mannen sin i kalifatet, vert brutalt slakta når ho kjem til landet. I staden for førestillinga om at ho skal ha ei nøkkelrolle i den Islamske Stat, vert kvinna underkua ektemannen og hennar einaste funksjon er å tilfredsstile mannen sin og føda hans born.
 
Det kvinnelege Gestapo
Men kva med dei kvinnene som jobbar innad i IS? I Syria har IS oppretta ei kvinnestyrke som skal passe på at jentene overheldt dei ekstreme reglane i i kalifatet. Al-Khanssaa Brigade, òg populært kalla ”Det kvinnelege Gestapo”, er ei gruppe på over 60 kvinner lokalisert i hjartet av IS-kalifatet Raqqa, samt i Mosul. Hovudtyngda av desse kvinnene er britiske. Al-Khanssaa Brigade er på mange måtar ein gjennomtenkt politistyrke IS brukar for å skape frykt samt skapa ein ekstrem gruppepolarisering i den allereie radikaliserte medlemsmassen.
 
Dagleg patruljerar kvinnestyrken byane der hovudoppgåvene er å straffa kvinner som opptrer mot IS-reglementet. Dette inneberer blant anna å ikkje bruka parfyme, sminke, eller andre vestlege motar, samt å gå i heildekkande niqab og svarte hanskar. I følgje den norske journalisten Mah-Rukh Ali vert brot på dette straffa på to populære måtar. Førstnemnte er at kvinnas armbein blir knekt ved hjelp av eit brutalt metallreiskap. Den andre måten er at eit medlem av Al-Khansaa Brigaden bit offeret til blodet sprutar og etterlet munnen full av blod. Desse scenene skjer i all offentlegheit, til advarsel for dei resterande kvinnene i byen. Al-Khansaa har på mange måtar ein dobbelfunksjon for IS: avstraffingane er brutale og skapar difor ein preventivt effekt i favør det fanatiske reglementet, som gjer innbyggjaren lovlydige mot regimet. I tillegg etablera brigaden nøkkelposisjonar til nokre kvinner i samfunnet, som gir dei meir makt. Kvinnene utnyttar så denne makta som lokkemiddel til å rekruttere fleire, spesielt vestlege kvinner.
 
Solgt som dyr
Det ekstreme samt barbariske kvinnesynet kjem spesielt til syne når det gjeld Yezidi-folket. Denne minoriteten er ein esoterisk religion med trekk både frå jødedommen, islam og kristendommen. IS hevdar Yezidi-folket er djeveldyrkarar og meinar dei spottar Allah. På grunn av dette har dei drive massiv utrydding av minoriteten. Dei henrettar mennene og dei gamle kvinnene. Dei yngre kvinnene derimot, vert samla og strippa nakne. Deretter utførar IS-soldatane ”jomfrutestar” på alle. Yezidi-kvinnene vert så sett i bur nakne og frakta til dei okkuperte områda rundt Raqqa i Syria, for så å bli solgt som dyr på markedet. Her er regelverket enkelt: Ei Yezidi-jente frå 1-9 år har ein prislapp på rundt 170 dollar, 10-20 år, 130 dollar og til slutt kvinnene mellom 20-30 kostar 90 dollar. Kvinnene vert så sexslavar for dei barbariske soldatane, og vert kontinuerlig valdtatt heilt til soldaten vert lei. Då vert kvinna gjerne solgt vidare til andre eller henretta. Fatwa er heilt essensielt i IS. Ekstreme tolkningar som ikkje har heimsel i Koranen vert spesielt brukt for å forsvara overgrepa mot yezidi-kvinnene. Blant anna har fleire imamar legitimert sexslaveri mot yezdidiane ved å hevde at haram vert til halal så lenge jihad er formålet. I manifestet står det òg skrive at det er lovleg å valdta samt halde yezidi born som slavar til dei når puberteten. Fleire plassar har det òg vorte dokumentert at IS operera med eit premieringssystem. Den soldaten som drep flest mogleg i kamp vert lønna med opptil 3 yezidislavar for innsatsen. Ofte er desse jentene berre mellom 9-15 år.
 
Dei kvinnelege peshmerga-soldatane
I Nord-Irak kjempar den kurdiske hæren mot Daesh. Peshmerga-styrken består av ca 130 000 menn og kvinner som dagleg sett livet på spel for å bekjempa terrorgruppa. IS fryktar denne styrken, og grunnen er enkel: mange av peshmerga-soldatane er kvinner. Dersom ein soldat vert drepen av desse, ryk førestillinga om Paradis med 72 jomfruer ventande. I staden for dette trur dei at ei evig pine i helvete står for tur. Dette har resultert i at den kurdiske peshmergaen faktisk har fått eit overtak i dei nordlege delane av Irak og langs grenseovergangane. Land som Frankrike samt USA har støtta den kurdiske hæren med militære luftstyrker og våpen, og det diskuterast flittig i andre vestlege land om økt finansiering til Peshmergaen.
  
Middelaldrande
Kvinnesynet til IS er brutal, middelaldrande og så langt frå vestlege ideal som det er mogleg å komme. Kvinnene innad IS lev i eit terrorregime der dei kontinuerleg vert misbrukt og står utan rettar. At fleire kvinner vert rekrutterte, og flyktar frå sitt alminnelege liv i ein søken for å støtte terrorgruppa er urovekkande, og noko det internasjonale samfunnet må jobbe systematisk for å førebyggje. Samtidig må ein få augo opp for den umenneskelege valden kvinnene i dei IS-okkuperte områda lev under. 
0 Comments



Leave a Reply.

    Artikler: Her publiseres Studentredaksjonens egne artikler.

    Arkiv:

    October 2020
    February 2020
    October 2018
    September 2018
    April 2018
    March 2018
    February 2018
    January 2018
    December 2017
    November 2017
    October 2017
    September 2017
    April 2017
    February 2017
    January 2017
    November 2016
    October 2016
    September 2016
    May 2016
    April 2016
    March 2016
    February 2016
    January 2016
    December 2015
    November 2015
    October 2015

Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • Hjem
  • Artikler
  • Gjesteartikler
  • Studentarbeid
  • Om Studentredaksjonen
  • Linjeforeningene
    • Linjeforeningen for Internasjonale studier med historie