Studentredaksjonen
  • Hjem
  • Artikler
  • Gjesteartikler
  • Studentarbeid
  • Om Studentredaksjonen
  • Linjeforeningene
    • Linjeforeningen for Internasjonale studier med historie

Med valdtekt som våpen

19/11/2015

0 Comments

 
Bilde
Foto: Ramesh Lalwanl
Av: Elise Lysgård Almås
Året er 2015, landet er India. Landet kvar kvinner ikkje kan bevege seg åleine utandørs i frykt for å bli utsatt for groteske valdtekter. Medias augo er skjerpa som aldri før mot den stadig aukande overgrepsstatistikken, og har avdekkja fleire grusamme hendingar den siste tida. Saka der ei 23 år gammal jente brutalt vart gruppevaldteken på bussen i New Delhi førte til enorme demonstrasjonar i India, og satt eit markant press på myndigheitene. I seinare tid har fleire grusamme saker blitt rapporterte. I New Dehli vart ei 4 år gammal jente brutalt torturert og valdteken. Ein påfølgjande hending var gruppevaldtekten av to jenter på 2 og 5 år som skapte enorm merksemd internasjonalt.

Kvifor kan ikkje Indias døtrer gå ein dag utan frykt for å bli valdtekne?
 
Antal rapporterte valdtekter i India har stige merkbart i løpet av det siste århundret. Mykje av grunnen til dette er at fleire kvinner vert merksame over rettane sine, og vel å anmelde overgrepet. Likevel er mørkestatistikken stor. I følgje National Crime Records Bureaus 2014 rapport vart 33,764 voldtektssaker anmeldt i 2013. Desse tala er likevel ikkje representative, då antal rapporterte valdtekter berre tilsvarar 1 % av det totale antalet som finn plass kvart år i landet. Estimert fann altså 3 342 636 valdtekter stad i India i løpet av 2013. Dette vil sei at 3 308 872 tilfelle ikkje var anmeldt og overgriparen gjekk fri utan nokon form for rettshøyring. Ein kan via denne statistikken sjå at det skjer ringverknadar. Voldtekt utan sanksjon sender eit bagatellisert signal til samfunnet, og fungera difor ikkje preventivt.
 
Kastesystemet sett i paradoks med utjamningstiltak er heilt essensielt i høve valdtektsstatistikken. Systemet er hierarkisk og basert på å gruppere menneske innanfor ulike samfunnslag. Dei ulike kasteklassane går i arv, og er av ekstrem tyding innanfor samfunnsstrukturen. Primært er dette essensielt på landsbygda, der kastesystemet er dominant innanfor regulering av dei sosiale forholda. I 1950 vart dette offisielt avskaffa, men det er fortsatt av stor innflytelse, til tross for at ei rekke utjamninstiltak er trådd i verk. På mange måtar kan ein illustrere kastesystemet med den tidlegare apartheidspolitikken Sør-Afrika førte fra 1948-1994. Dette kan ein konkret sjå i behandlinga kvinnene i dei lågaste kastane opplev. India-ekspert Eldrid Mageli har tidlegare uttalt: ”Det er mange undertrykkende mekanismer i det indiske samfunnet. Mange kvinner opplever å bli dobbelt undertrykt, både fordi de har en lavere kaste og fordi de er kvinner”. Jenter som tilhøyrer dei lågaste kastane er lettare offer for seksualisert vald, i og med at høgare klassane ser på dei som verdilause individ utan rettar. Mange valdtektsoffer anmelder difor ikkje valdtektene i frykt for å bli ydmyka av rettssystemet.
 
1948 var året Indiske kvinner fekk stemmerett. No, 67 år seinare, er det ikkje mykje som tyder på dette. Samfunnsordenen er forankra i eit mannsdominant perspektiv, og kvinnene vert kraftig diskriminerte. Ei kvinne vert sett på som sin manns eigendom, og har juridisk sett få rettar. For å understreke dette kan ein vise til §375 i den indiske straffelova IPC. Denne paragrafen tilseier at tvungen sex i ekteskap berre er ulovleg dersom ektefella er under 15 år. Altså er voldtekt i ekteskap juridisk lovleg i følgje rettssystemet. Dette utstålar ein eldgammal mentalitet som igjen gjenspeglar samfunnets haldningar til valdtekt.
 
I filmen ”Indias datter” av BBC som er basert på den brutale gruppevaldtekten av 23 år gamle Jyoti Singh, kjem dei særs forkastelege og undertrykkjande haldningane godt fram. Ein av gjerningsmennene uttalte ”Ved valdtekter bør ikkje jenta kjempe i mot. Ho skal vere stille og la valdtekten skje.” Han underbygde uttalinga ved å sei ”Menn har rett å lære dei ei lekse.” Dessverre er desse haldningane representative for menns haldningar til kvinner i India.
 
Ei jente født i India, har tapt i lotteriet. Banalt og hardt, men diverre sant. Ein haldningsendring må til for å endre det tradisjonelle mannsdominerte samfunnet som tilseier at valdtekt er greitt. Verdssamfunnet må engasjere seg, og sanksjonere Indias for dei grusamme overgrepa. Men viktigast må det skje ein gigantisk endring i samfunnsmentaliteten.

Ein dag skal Indias døtrer kunne gå utan frykt for å bli valdtekne. Inntil den dagen må vi engasjere oss og kjempe for rettferd. 
0 Comments



Leave a Reply.

    Artikler: Her publiseres Studentredaksjonens egne artikler.

    Arkiv:

    October 2020
    February 2020
    October 2018
    September 2018
    April 2018
    March 2018
    February 2018
    January 2018
    December 2017
    November 2017
    October 2017
    September 2017
    April 2017
    February 2017
    January 2017
    November 2016
    October 2016
    September 2016
    May 2016
    April 2016
    March 2016
    February 2016
    January 2016
    December 2015
    November 2015
    October 2015

Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • Hjem
  • Artikler
  • Gjesteartikler
  • Studentarbeid
  • Om Studentredaksjonen
  • Linjeforeningene
    • Linjeforeningen for Internasjonale studier med historie